Alek

Då eg møtte kongen

Då eg var 8, hadde eg ein airedale terrier som heitte King. Ein dag eg gjekk tur i åsen med hunden i band, møtte vi ein laus hund, sikkert med eit mindre rojalistisk namn, som verka truande mot min King.
"Berre slå den”, ropte eigaren då han kom til saman med adjutanten sin.
Ja, han gjekk tur med laus hund og adjutant, han heitte Harald og var prins av Noreg den gangen. Seinare har han som kjent slått seg fram som konge i Fedrelandet. Men om han meinte at eg skulle slå hunden hans eller min King, det har eg aldri skjønt. For det viste seg da, som elles, at problem vart best løyst utan bruk av vald.